|
5.div: Ny Åheim-seier på Løvoll |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 13. mai 2012 |
Emblem og Stordal tronar på toppen etter tre strake kvar. Men Åheim har lagt seg på hjul, etter sin andre eittmåls-seier i helga. Vartdal vann det viktige nabooppgjeret mot HIL og følgjer på plassen etter. Nye kampar denne veka, men Stordal har spelefri
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Stordal slo Herd 2 med 4 - 2 |
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 09. mai 2012 |
Stordal tok sin tredje strake, då Herd 2 blei sendt heim med 2-4 onsdag. Heimelaget kom kjapt opp i to måls forsprang, og hadde god kontroll på eit godt Herd-lag. På fem minutt mot slutten av kampen reduserte Herd to gongar, berre for å oppleve at heimelaget kvitterte med nye mål i påfølgjande angrep.. Sindre, Geir Marius, Thomas og Kenneth putta for gultrøyene Smileys ute
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
5.div: 9 på rad for Emblem |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 03. mai 2012 |
Emblem tok sin niande strake seier i 5.divisjon då 0-2 blei snudd til 3-2 i Hovdebygda torsdag. I den andre kampen torsdag kveld spelte Hasundgot og Vartdal uavgjort 3-3. Måndag vann Herd 2 3-0 over Bergsøy 2
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Åpningsminutta blei gull verdt |
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 02. mai 2012 |
Stordal skal vere glad for at Sindre putta 2 kjappe tidleg i kampen mot Vigra. For etterkvart som vigringane fekk justert seg inn, blei det lengre og lengre mellom dei gode tilbuda for dei gule. Likevel var det aldri fare på ferde denne sure onsdagskvelden. 3-0 betydde samtidig at Stordal tok sin 10. strake serieseier i 5.divisjon! Smileys ute
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
5.div: Første runde ferdig |
|
Skrive av John Øie
|
|
fredag 27. april 2012 |
Med Emblem sin 3-0 seier over Hasundgot er 1. serierunde i 5.divisjon komplett. Kvelden før spelte Vigra og HIL/VTI 2 uavgjort 2-2. Tidlegare har Stordal slått Bergsøy 2 med 3-2 medan Åheim snudde 2-4 til seier 5-4 over Herd 2
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
LIVE: Bergsøy 2 - Stordal 2 - 3 SLUTT |
|
Skrive av John Øie
|
|
lørdag 21. april 2012 |
Stordal vann den vanskelege bortekampen mot Bergsøy 2 laurdag etter å ha ligge under med to etter ein halvtime. Ein dobbel Thomas (ein på hovudet!) innhenta forspranget før Kenneth fekk æra av å sette inn seiersmålet 10 minutt før slutt. I ein annan kamp i divisjonen vann Åheim 5-4 over Herd 2. Smileys ute
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
"El Klassico" istaden for Fosnavåg |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 19. april 2012 |
Stig Johansen skal sjå "El Klassico" laurdag Stordal-trenar Stig Johansen mister serieåpninga borte mot Bergsøy 2 laurdag. For då er han nemleg i Barcelona for å følgje den spanske seriefinalen Barcelona-Real Madrid frå tribuna. - Men vi skal nok møte godt førebudd til seriestart likevel, forsikrar Stig.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Ørskog trekkjer seg frå 5.divisjon |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 19. april 2012 |
Ørskog IL legg ned A-laget. Det var med sjokk vi i morgontimane i dag mottok meldinga om at Ørskog IL trekkjer laget sitt frå 5.divisjon. Spelarmangel er hovudårsaka skriv klubben på si heimeside. Dermed blir det berre 9 lag - og 16 seriekampar for laga i årets 5.divisjon.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Sesongtips: - Blåkvitt for alle penga |
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 18. april 2012 |
Emblem er storfavoritt ifølgje fotballkjennarar! Seriestart i 5.div. nærmar seg raskt. Skal ein tru ekspertisa går Stordal mot ein god sesong. Gultrøyene blir spådd å kjempe heilt i toppen, saman med tre til fire lag i blåkvite drakter. Outside.com plasserer Stordal heilt på topp, Nordicbet rangerer Emblem øverst. Stordal.nu meiner derimot at divisjonen er langt meir åpen og uviss enn mange vil ha det til - bak Emblem!
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
5.div: Seriestart laurdag |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 16. april 2012 |
Til helga er det duka for seriestart i fotball (5.divisjon). Etter ein lang vinter er både Stordal IL - og stordal.nu klar til ein ny sesong. Truleg er laget langt betre førebudd enn heimesida, iallefall får vi håpe det...
Komplett terminliste og andre tabellar vil bli lagt ut på sida dei komande dagane. Vi kjem også til å tippe ein sluttabell før alvoret startar. I tillegg til litt andre oppdateringar.
Stordal serieåpnar borte mot Bergsøy 2 laurdag 21. april kl. 1500. Den kampen kan du følgje med livescore her på stordal.nu
Kommentarar |
|
|
Tapte for 3.div.lag i Tyrkia |
|
Skrive av John Øie
|
|
torsdag 05. april 2012 |
Stordal er for tida i Tyrkia på treningsleir. Onsdag var det duka for treningskamp mot 3.div.laget Eiger FK (Rogaland). Ved full tid stod det 4-1 (1-0) til Eiger. Det var Kenneth Søvik som sto for reduseringa.
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
12 veker i gips for Thomas |
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 28. november 2011 |
Thomas braut handa i finalen. Thomas Kirkebøe spelte KM-finalen mot SIF med brekt arm. - Smertene var ikkje så store med det same, men eg kjente det... sa Thomas til stordal.nu dagen derpå. Natt til måndag braut smertehelvete laus - og eit besøk hos legen var uungåeleg. På røntgen blei det konstatert brot over handleddet. Dermed blir det 10-12 veker med gips for årets spelar i Stordal
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
KM: Rakna mot SIF i finalen |
|
Skrive av John Øie
|
|
søndag 27. november 2011 |
Stordal leverte ein svært sterk prestasjon, då laget nådde heilt fram til finalen under Futsal-KM i Storhallen Gultrøyene tok ledelsen i finalen ved Thomas Kirkebøe. 10 minutt seinare hadde SIF snudd resultatet til 2-1. I suttsekunda auka sebratrøyene til både 3-1 og 4-1 då Stordal jaga utlikning.
Kommentarar |
|
|
Skrive av John Øie
|
|
fredag 25. november 2011 |
Denne helga går sluttspelet i senior-KM (Futsal) i Sykkylven. Stordal er i KM-sluttspelet for 12. gong dei siste 14 åra. Stordal vann si innledande gruppe på Stranda for 14 dagar sidan, og seilar opp som outsidar no - til 7,00 i odds hos Nordicbet.. Stordal har aldri tidlegare vunne senior-KM så kanskje kan det vere gultrøyene sin tur no?
Stordal spelar sine innledande laurdag, og møter Norborg, Emblem og Stranda i si pulje.
- For meir info (livescore), besøk FKSykkylven sine heimesider
Kommentarar |
|
|
Skrive av John Øie
|
|
mandag 21. november 2011 |
Drøye 30 personar var tilstades då Fotballgruppa hadde sin årlege avslutningsfest sist helg. Her blei det delt ut ei rekkje prisar, både offisielle og av den litt meir "private" sorten. Stordal.nu hadde gleda av å dele ut trofèet årets spelar. Denne blei delt mellom tre spelarar, som alle oppnådde 13 smileys
Kommentarar |
|
Les meir…
|
|
|
Fotballfest og prisutdelingar |
|
Skrive av John Øie
|
|
onsdag 16. november 2011 |
Komande fredag er det duka for den faste "fotballfesten". Staden er Nilsgardstunet. Etter middagen skal ei rekkje prisar og pokalar delast ut. Stordal.nu skal mellom anna dele ut prisen årets spelar (på bakgrunn av smileys). Kven som får denne avslører vi først etter middagen...
Kommentarar |
|